Absolutt installasjon

I utstillinga ønskjer vi å vise viktige installasjonar i museets eige. Vi vil også gi eit inntrykk av samlingas potensial og museets store ambisjonar, slik vi føresteller oss at desse kan bli realiserte i Nasjonalmuseets planlagte nybygg på Vestbanen.

Verka i utstillinga viser eit stort mangfald, men det finst likevel mange forbindelseslinjer mellom dei. Ein fellesnemnar er perioden desse kunstformene er blitt til i. Sjølv om ein innan romkunst, «environments» og installasjon finn ein tradisjon frå avantgarden tidleg på 1900-talet, har installasjonen som «form» først og fremst hatt ei blomstring frå 1980-talet og fram til i dag. Verka vi viser i utstillinga er frå denne perioden, og dei gir tilkjenne openberre historiske referansar knytt til kunsten i dei siste tiåra.

Kunstnarar som er med: Marianne Heske, Christian Boltanski, Suvi Nieminen, Olav Christopher Jenssen, Per Barclay, Maria Serebriakova, Magnus Wallin, Bill Viola, Per Maning, Anish Kapoor, Bjarne Melgaard, A K Dolven, avaf, Silvie og Shérif Defraoui, George Adéagbo, Else Marie Hagen, Jon Gundersen, William Kentridge, Louise Bourgeois og Ilya Kabakov.

Kurator for utstillinga er Randi Godø.

Foto: assume vivid astro focus VIII: «Crushed Cigarette Packs, Ceiling Cocktail, Garden X», 2004–2009, installasjon


Text source
Image source


Exhibitions and events

The Dance of Life – The Collection from Antiquity to 1950

Permanent exhibition

With more than 4,000 paintings, 1,000 sculptures and nearly 50,000 works on paper, the National Gallery’s art collection is the most comprehensive and wide-ranging in Norway, and one of the...

Draktgalleriene

Permanent exhibition

I tre gallerier vises utstillinger som presenterer viktige sider av museets omfattende samling av motedrakter. I tre gallerier vises utstillinger som presenterer viktige sider av museets omfattende...

Activities from this museum

We don't have anything to show you here.


Suggested Content